M/K "SVERRE"
Ei soge om ein fiskebåt frå Roald på Vigra
Frå bygging til forlis
av
Toralv Roaldsnes
Dette er ei historie om fiskebåtkulturen på Møre frå rundt århundreskiftet og framover til den 2. verdskrigen.
Etter den store omlegginga frå seglskip og opne båtar, til dekka båtar med motor som framdrift, var det skapt ei stor optimisme i fiskarmiljøet på kysten.
Draumen om å kome lenger til havs og finna fleire og betre fiskebankar har vore ei strek drivkraft langt tilbake i historia for Møre-fiskarane.
I Giske kommune var det spesielt torskefiske på kysten som var det viktigaste fiskeriet frå slutten av 1800-talet til langt ut på 1900-talet. Det er klart at ynsket om betre og sikrare fiskebåtar ar alltid vore aktuelt tema for fiskarar og familiar på kysten. Dei mange tap av fiskarar på sjøen er velkjent.
Den historia eg vil fortelje om er her er bygginga av M/K "Sverre" i Roaldsfjøra i ca 1918 til 1920.
Det var ikkje første gongen det vart bygd båtar på Vigra og i Giske kommune. Både på Synnes (Klungre-Ola) og på Godøya var det bygd båtar. På Valderøy vart til dømes M/K "Geir" ombygd i nærleiken av toll-vøren på Valderhaugstrand.
Min bestefar Johan Roaldsnes fødd i 1862 i Klokkar-garden på Roald, seinare gift med Hansine Haram fødd i 1872 frå Haramsøya.
Johan dreiv fiske i saman med broren Karl og dei hadde båt saman. Ein av dei heitte "Nestun" Dei er nemnd i oppsynsprotokollar frå torskefiske frå 1890 og seinare med eit mannskap opp til 5 mann. Eit av desse fartøya hadde dampmaskin. Restane av denne båten er framleis synleg på sanden på utsida av nordre molo på Roald.
Desse karane hadde truleg følgt godt med i utviklinga frå segldrift, dampmaskin og til motordrift. Dette var ein smertefull prosess for heile næringa med prøving og feiling fram til ein fann brukbare motorar og system som gav betra driftstryggleik. Denne utviklanga var svært krevjande både i forhold til kunnskap og kostnadar. Kapital var den største mangelen for desse karane som var reine fiskarar utan tilknyting til gardsdrift som dei fleste andre.
Johan og Karl hadde sikkert fått med seg denne utviklinga på godt og vondt og som kunne nyttast seinare. Dei var det ein kallar nevenyttige karar med kunnskap frå fleire type handverk.
Far min, Hans vart fødd i 1894 og var eldst i barneflokken på 7 søner og 3 dotrer. Han var den andre personen som vart døypt i den nye kyrkja på Vigra. Den yngste broren Karl, vart fødd i 1914. Johan var fiskar av yrke men var og ein mykje nytta handtverkar på land. Far var soleis oppvaksen på Roald i ei typisk fiskarfamilie på den tida då sterk gudstru og nøysemd var måten å overleve på.
I ungdomsåra hadde han tidleg fatta interesse for tekniske fag. Han tilegna seg ettervart god kunnskap i mekaniske og elektriske fag gjennom sjølvstudium. I 17-års alderen byrja han i verkstadslære ved Synnes Mekaniske Verkstad i Ålesund. Det var Ole Synnes, bror til lensmann Olav Synnes, som dreiv og eigde denne verkstaden. I læretida var han og ei tid hos A.M. Liaaen og Florvåg slipp og mekanisk verkstad. Etter tre år i verkstadslære i Ålesund hadde han tilegna seg ein del kunnskap om motorar og båtar. Det var ei rivande utvikling i denne perioden med stadig nye typar motorar og overgang til større fiskebåtar.
Etter læretida gjekk han saman med Knut Håhjem på Roald for å starte Håhjem Mekaniske Verksted. Far fortalde at han var med på å frakte material til verkstadsbygget, som framsleis står på Roald, frå Straumen i Skodje. Materialen vart bunta saman og slept som ein flåte til Vigra. Far fortalde at han i sine unge år var i Oslo ein einaste gong i samband med innkjøp av verkstadsmaskiner til Håhjem. Kåre Håhjem skriv i si historiebok om Håhjem Mekaniske Verkstad at far var sterkt engasjert i arbeidet med å bygge eit straum-agregat for å skaffe elektrisk straum til drift av maskinene. Dette var om lag 10 år før Vigra fekk elektrisk straum via nettet.
Rundt 1917 tok samarbeidet med Knut Håhjem slutt. Far tok til med fiske saman med far sin. Om det var dei store inntektene frå fiske før og under den 1.verdskrig, eller at faren var komen til ein alder av 55 år og trong avlasting frå sjøen, som var årsaka til at han starta som fiskar/skipper, er uklart. Eg for min del er av den tru at omsyn til familien og sine 6 yngre brør var medverkande i denne avgjerda.
I 1917 gjekk min far Hans Roaldsnes, bestefar Johan Roaldsnes og systerson hans Martinus Alvestad frå Hildre saman om å byggje ein ny fiskebåt på Roald. Byggestaden vart valt til eit av dei nordlegaste nausta i den lange naustrekka på Roald, ca 30-40 meter sør for Gjerdebuda. Dette var sikkert den beste staden for fløting av eit fartøy i den elles utruleg langgrunne fjøra på Roald.
Dei leigde naustet ovanfor for å kunne arbeide under tak med delane til båten. Tømmeret til bygging av båten vart innkjøpt frå Straumen i Skodje og skipa til Roald på same måte som materialen til Håhjemverkstaden. Eg rekna med at materialen vart saga i dimensjonar frå sagbruket som kunne handterast med handverktøy på byggestaden.
Med mi erfaring med bygging av tre-båtar frå tida 1949-50 då eg følgde med på bygginga av M/K "Roaldnes" hos Søren Frostad i Tomrefjorden, er det klart at dette arbeidet måtte være svært utfordrande og vanskeleg under slike arbeidstilhøve i fjøra på Roald.
Ein brukt Scandia motor på 35 hk vart kjøpt inn frå Hildrestranda og montert i båten medan den stod på land. Korleis dei fekk frakta den tunge semi-dieselmotoren frå Hildre og løfta den inn i båten på Roald er eit døme på kor utfordrande dette arbeidet måtte ha vore.
Båten vart bygd ferdig på byggestaden med unntak av master og innreiing på dekk. Kor lang tid det tok å byggje båten veit eg ikkje. Det var ikkje leigd inn arbeidskraft utanfrå, men eg går ut frå at dei yngre brørne til far måtte hjelpe til etter evne.
Eg veit at fleire av dei hadde eit godt handlag med tre-arbeid i vaksen alder, truleg opparbeida frå tida under båt-bygginga.
M/K "Sverre" var ferdig til fisket i 1920. Den målte 47 fot i lengste lengde. Byggekostnaden til båten har eg ikkje kjennskap til då byggerekneskapen er bortkomen. Eg har derimot rekneskapsboka frå 1921 og utetter. Der kan ein sjå at det er betalt renter og avdrag til Havfiskefondet og Haramsbanken som seinare vart Vigra Sparebank.
Dei økonomsike nedgongstidene etter 1. verdskrigen 1914-1918 hadde gjort seg gjeldande i heile landet og ikkje minst i fiskerinæringa. Bankane hadde store problem og mange konkursar som følgje av dei dårlege tidene. Rekneskapen for "Sverre" for 1920 og 30-åra vitnar om tronge tider og ein kamp for å få endane til å møtast. At dei overlevde desse tidene kan berre forklarast med at vedlikehaldet av motor og fartøy vart utført av eigarane sjølve. Berre slipping og nødvendig verkstadsarbeid vart leigd eksternt. Dette framgjeng av rekneskapen. Vegn og reiskap er innkjøpt på vanleg måte.
I 1933 ser det ut for at reiarlaget er i praksis gjeldfritt og dermed lettare å drive økonomisk. I 1935 ser det ut for at det er skapt ein viss optimisme i fiskerinæringa. Prisane på sild hadde kome opp på eit høgare nivå, mykje på grunn av opprettinga av Noregs Sildesalslag og betre eksporttilhøve. Innan banklinefiske var der og teikn til optimisme med båtar som kunne fiske ved Tampen, Shetland og Færøyane. Desse utsiktene hadde ikkje gått hus forbi for reiarane på "Sverre". Ein yngre bror av far, Ingolv, var gått inn i reiarlaget i staden for Martinus Alvestad som trekte seg ut på grunn av alder. Bestefar Johan Roaldsnes var framleis medeigar.
Sommaren 1935 vart det vedteke at "Sverre" skulle ombyggast. Det vart skriven kontrakt med Søren Frostad i Tomrefjord om å forlenge båten til 58 fot lengste lengde samt å auge djupna på skroget. Den gamle motoren skulle stå i framleis. Denne båten var meir høveleg med betre lugar, ein kahytt bak og bysse i akterkant av styrhuset og eit godt egnerhus på babord side. Med køyplassar i lugar og kahytt til 8-9 mann var dette ein båt som kunne nyttast lenger til havs frå Storegga til Shetlandsbankane og var meir velegna til vintersildefisket med garn.
Dette vart driftsopplegget for "Sverre" fram til 1941 med storsildfiske på vinteren og linefiske etter kveite, lange og brosme om sommaren og hausten.
I 1939 vart den gamle Scandia motoren utskifta til ein ny Union motor på 50 hk. Den gamle brukte motoren hadde då gått i 19 år og hadde tent reiarlag og mannskap på ein god måte i alle desse åra.
Eg må nemne at den nye motoren var mykje større og tyngre enn den gamle og den vart sett ned på det same fundamentet. Dette viser at båtbyggjarane i Roaldsfjøra hadde gjort eit framifrå arbeid under bygginga i 1919-1920.
Dei økonomiske vilkåra for fiskeria hadde betra seg i åra fram til krigen. Prisane på sild og fiskevarer hadde betra seg sjølv om det framleis var vanskeleg å drive lønsamt.
Den 27. mars 1941 vart "Sverre" tatt av flyktningar og seila over til England.18 personar var med og alle kom fram velberga fram til Skottland. "Sverre" vart mellom anna nytta til å transportere proviant til fartøy utanfor Aberdeen i Skottland. Han var også utrusta for å kunne slepe sperreballongar for å skjerme byen under fly-angrep. Båten sokk ved kai i Aberdeen under krigen. "Sverre" var under kommando av den Engelske Marine.
Eg må avslutningsvis nemne at det går fram av rekneskapen at i januar 1925 fekk "Sverre" montert inn elektrisk lys om bord. Det vart gått til innkjøp av 8 stk lyspærer, sikringselement og batteri. Monteringa stod far for sjølv. Det er fortald at "Sverre" var den andre motorbåten som hadde innlagd elektrisk lys i den lokale fiskeflåten. M/K "Aksel" frå Giske skal ha vore den første. På denne tida var det ikkje lov å bruke elektrisk lys i lanterner om bord.
Sommaren 1925 var M/K "Sverre" på linefiske på Finnmarkskysten. Andreas Fauske fortalde for mange år sidan ei historie frå denne turen som fortel ein del om fiskerimiljøet på Roald og særleg om kulturlivet og samhaldet i miljøet på denne tida.
Det var eit yrande kulturliv på Vigra med mange songkor og musikklag som også fiskarane var ein del av og som prega miljøet om bord.
Det var ikkje sjeldan at fiskarane på Roaldsbåtane kunne stille med fleirstemt korsong enten i egnerhuset eller på rom-luka ein finversdag under landligge.
I 1925 var M/K "Sverre" som nemnt på Finnmarkskysten på linetur. Andreas Fauske var mannskap på ein annan båt frå Roald. Det var vanleg at nabo-båtar heldt mykje i lag på slike turar på grunn av tryggleiken. Berlevåg var då som i dag ei framifrå hamn å drive fiske i frå. Dei vart truleg godt kjende i hamna etter kvart.
Ein laurdag dei var i land kom det ein representant frå Berlevåg husmorlag om bord. Dei skulle arrangere ein fest for fiskarar om kvelden. Vedkomande spurde om det var nokon som kunne underhalde med song på festen same kvelden. Det kunne ikkje vere mykje tid til øving på reportuaret, men karane sa seg viljuge til å vere med. Far, som var notekyndig, fekk i oppgåve å leia gruppa av songglade fiskarar. Om han hadde med seg fela si veit eg ikkje.
Etter Andras Fauske si forteljing vart festen gjennomført til stor glede både for arrangør og festlyd og korsongarar. Kanskje dette gav inspirasjon til interessa for korsong i Berlevåg som vi har sett i vår tid?
Reportuaret som vart framført veit eg var innøvd i Gamle Mjølner eller i godt lag i dei mange songglade heimane på Vigra. Det var i hovudsak songar av nasjonal-romantisk eller religiøs karakter.
Bygginga av M/K "Sverre" i fjøra på Roald i 1920 reknar vi som starten på Roaldnes-reiarlaget som eksisterer i dag. Reiarlaget har framleis base på Roald.
Valderøy 2. september 2007
Toralv Roaldsnes